Rimfrost AS Management

OM RIMFROST

RIMFROST er ein leiande aktør innan bioteknologi med sterkt fokus på utvikling av innovative og bærekraftige krillprodukt. Selskapet fokuserer på antarktisk krill til helsebringande humant konsum under merkevaren RIMFROST. Selskapet er ein del av Olympicgruppa og har kontor i Ålesund, Fosnavåg, New Zealand og USA. RIMFROST er verdsleiande innan miljø og bærekraftig høsting av biomassen. 

Selskapet er i sterk vekst og har ambisjonar om å bli eit verdsleiande globalt selskap innan bærekraftig produksjon av ingrediensar til akvakultur, pet, helsekost og legemidler. RIMFROST har global operasjon og salgskanalar, og opplever idag auka salgspågong, noko som gjer at vi på sikt ønskjer å rekruttere talentfulle medarbeidarar innan salg og kvalitetssikring.

RIMFROST skal bygge eit innovativt og moderne skip for bærekraftig krillfiske i Antarktis. Skipet vil bli verdas fremste fartøy med tanke på miljøstandard og er forventa å bli levert 2021.

Vi søker medarbeidarar

PROSJEKTDIREKTØR NYBYGG

Arbeidsoppgåver:
- Prosjektdirektøren vil leie Rimfrost sitt byggjeteam på verftet
- Følge opp at prosjekt vert uført ihht spesifikasjon, rederikrav, klassekrav etc
- Besørge kvalitetskontroll og rapportere framdrift til leiinga
- Økonomioppfølging

Ønska kvalifikasjonar:
Vi søker deg som har høgare utdanning innan teknisk eller maritim retning. Du har brei erfaring innan prosjektleiing/ skipsbygging. Du planlegg og følger opp prosjekter godt, er løysingsorientert og har evne til å ta hensyn til alle faktorer i ein byggjeprosess. Det vert lagt vekt på innsikt og evne til å integrere fabrikk med avansert prosessteknologi. Du leier dine medarbeidarar på ein tydeleg måte og iverksetter aktiviteter slik at måla vert nådd. Du har gode språk- og kommunikasjonskunnskaper.  
For nærare informasjon ta kontakt med Stig Remøy, telefon 916 19 124
Anders Almestad, telefon 950 24 885  
Kortfatta søknad og CV sendast til jobb@olympic.no innan 22.04.2019

PROSJEKTLEIARAR NYBYGG

Arbeidsoppgåver:
- Prosjektleiarane vil inngå i RIMFROST sitt byggjeteam på verftet
- Følge opp at prosjektet vert utført ihht spesifikasjon, rederikrav, klassekrav etc, med spesielt fokus for sitt fagområde
- Besørge kvalitetskontroll og rapportere framdrift til prosjektdirektør 

Ønska kvalifikasjonar:
Høgskuleutdanna maskinsjef/ kaptein/ ingeniør med variert erfaring frå offshore- og/eller fiskefartøy. Erfaring innan prosjektarbeid/ skipsbygging. Erfaring frå byggjeoppfølging vil vere ein fordel. Vi søker deg som er nøyaktig, effektiv og løysingsorientert. Du har evne til å jobbe sjølvstendig, men også i team. Du har gode språk- og kommunikasjonskunnskaper. 

Fornærare informasjon ta kontakt med Magnar Førde, telefon 917 67 263
Kortfatta søknad og CV sendast til jobb@olympic.no innan 22.04.2019

FORSKAR INNAN PROSESSUTVIKLING

Rimfrost søker etter ein forskar som skal jobbe med utvikling av nye metoder for prosessering og analyse av fersk Antarktisk krill. Du vil vere med på å levere premissane for teknologi og løysingar som skal implementerast i det som blir verdas fremste fartøy med tanke på miljøstandard i Antarktis.

Typiske arbeidsoppgåver er prosjektleiing, samarbeid medandre leiande kompetansemiljø nasjonalt og internasjonalt, nettverksbygging og andre spennende oppgåver. 

Vi søker deg som har mastergrad eller doktorgrad innen organisk kjemi, analytisk kjemi, industriell kjemi, bioteknologi eller prosessteknologi. Helst med noen års erfaring, men nyutdannede blir også vurdert. Du er fagleg sterk, nysgjerrig og resultatorientert . Du arbeider godt sjølvstendig, men likar godt tverrfagleg samarbeid og nettverksbygging. Du har gode språk- og kommunikasjonskunnskaper. 

For nærare informasjon ta kontakt med Inge Bruheim, telefon 416 46 382 
Kortfatta søknad og CV sendast til jobb@olympic.no innan 22.04.2019